Eit klimahistorisk oversyn
av Øyvind Nordli
(seniorforskar ved Meteorologisk institutt)
Ved hjelp av diagram og tekst viser eg her norsk klimahistorie sidan dei
systematiske, meteorologiske mælingane tok til i Noreg på 1860-talet. Vi
skal sjå på heile året så vel som dei fire årstidene.
Kurvene vil bli oppdaterte så snart eit heilt år eller ei årstid er
avslutta. Som årstider reknar eg Vinter: Desember
– februar. Vår: Mars – mai.
Sommar: Juni – august. Haust: September –
november.
I alt brukar eg seks vêrstasjonar som skal dekkje heile landet. Det kan
eg gjera fordi eg er interessert i klimavariasjonar, ikkje absolutte tal.
Ein varm sommar på vêrstasjonen Utsira tyder også ein varm sommar på
Sørlandet og Vestlandet, og når temperaturen på Utsira aukar nokre år, aukar
han òg i Kristiansand og Ålesund over dei same åra. Dei andre vêrstasjonane
som eg brukar er: Nesbyen som representerer Austlandet, Kjøremsgrende for
Dovre og Trøndelag, Glomfjord for Nordland og Troms, Karasjok for Finnmark
og Svalbard lufthamn for Spitsbergen.
I framstillinga brukar eg diagram. Ei forklaring på diagramma finn du
her.
Her er eit kart over stasjonane. I tillegg kjem Svalbard lufthamn.

Publisert november 2004 - siste oppdatering (våren) juni 2007 |